Journalist
Tett på der det skjer / Sidan 2010
I 2010 hadde eg nett byrja på musikklina og hadde det ganske fint. Så såg eg at lokalavisa Sunnhordland søkte etter frilansar innanfor kultur. "Ein draumejobb", tenkte eg. Eg søkte, men tenkte det var mest for å ha gjort det. Eg, 16-åringen kom jo ikkje til å få sjansen.
Nokre dagar seinare ringte telefonen. "Kunne eg gå på konsert til helga?" Eg laug og sa ja, utsette min eigen bursdag og gjekk på konsert i staden. Sidan då har eg hatt gleda av å få gå på og skriva om alt mogleg som skjer i eit lokalsamfunn. Etterkvart byrja eg på universitetet, tok ein bachelor i historie og lengta endå til journalistikken. NRK Nynorsk medisenter opna seg som ein moglegheit og eg fekk eit fantastisk lærerikt halvår i Sogn og Fjordane på distriktskontoret der, og i NRK Hordaland. |
I became a journalist to come as close as possible to the heart of the world. |
FotoDu veit når lyset er heilt magisk, treff eit vindauga og lagar heilt nydelege fargar? Eg stoppar opp kvar gong og tar eit mentalt bilete.
Til konfirmasjonen kjøpte eg mitt første speilreflekskamera, og det vart flittig brukt. Eg googla, såg uendelege mengder youtube-filmar og øvde og øvde. 16 år gamal fekk eg frilansjobb i lokalavisa Sunnhordland. Eg skulle få dekka kultur og konsertar. Til jul fekk eg eit nytt objektiv og fekk leika meg endå meir med kamera og motiv. No er det gått ti år sidan konfirmasjonen og fleire hundre tusen eksponeringar. Å få fanga kjensler og situasjonar som er vekke på eit blunk - er noko for seg sjølv. |
We are making photographs to understand what our lives mean to us. <- Sjekk ut @fotografingvild på Instagram
|
DesignSå lenge eg kan hugsa har det stått ein Mac med Photoshop i eit av romma i huset.
I tillegg til vanleg kreativt utløp i teikning, fekk eg dimed høve til å leika meg med fontar og ulike visuelle uttrykk. I dag tek eg gjerne litt teikning her, litt fontar der og brått har ein laga noko nytt og personleg. Sjå meir på Instagram: @moldvarpdesign Make it simple, but significant. |
Heimesider
Med den tidlege interessa for grafisk design byrja eg snart å leika meg i Wordpress og etterkvart andre sider som let deg bygga di eiga heimeside.
Eg er ingen kodar, men med mykje øving og testing har det resultert i eit par heimesider.
Eg er ingen kodar, men med mykje øving og testing har det resultert i eit par heimesider.
Klikk på bileta for å sjå sidene.
CV
JobberfaringNYNORK MEDIESENTER / 2019
PRAKTIKANTSTILLING Seks månadars opplæring Opplæring innanfor radio, TV, nett, SoMe, live og alle produksjonssystem i NRK. I tillegg til mykje praksis, er det opplæring med foredragshaldarar som er ekspertar på sine felt. Utruleg lærerikt og me går herifrå med kunnskap og lærdom frå ikkje berre journalistikk og etikk, men også foto, video, opptak og fortellargrep for å best kommunisere ei historie. To månadar praksis på NRK Sogn og Fjordane distriktkontor. Her har me laga reportasjar til Vestlandsrevyen, radioreportasjar, snuttar til nyhende, meldingar til nyhende, skrive nettsaker og laga SoMe-innhald. Dei siste to månadane var eg i praksis i NRK Hordaland. Mykje av det same som i Sogn og Fjordane. I tillegg fekk eg skriva ein større sak om mensen. BLADET SUNNHORDLAND / 2010-2019
JOURNALIST Sommarvikar 2016, 2017 og 2018. Byrja innanfor kultur, men har dekt det meste. Politikk, kultur, hendingar. Har også hatt helge- og kveldsvakter med oppdateringsansvar. FOLKEUNIVERSITETET / 2017-2018
EKSAMENSVAKT OG EKSTRAHJELP Eksamensvakt på Bergenstesten: ta imot kandidatane, sjekke legitimasjon og sørge for at kandidatane ikkje snakka saman før og etter eksamen. Ekstrahjelp: Legge inn resultat frå eksamen og testar i systemet. AKADEMIKA/ 2015-2017
BUTIKKMEDARBEIDAR, DELTID Kassearbeid, lager, bestilling av bøker, oppsett i butikken, oppgjers- og låseansvar. FOVEA/ 2014
SKULEFOTOGRAF Portrett- og gruppefotografering på skular på heile Vestlandet. Veldig sjølvstendig jobb, der ein er åleine på skulane og avtalar med dei sjølv på forkant etter at booking har fått dei som kunde og sett dato. SPAR KJØP STORD/ 2012-2013
BUTIKKMEDARBEIDAR, 80% Stilling med hovudområde i dameklæravdelingen. Satt i kasse, hjalp kundar og hadde låseansvar. HYSTAD SKULE/ 2012
VIKAR PÅ SFO Var i 1. klasse. Hjalp med lekser, arrangerte aktivitetar, hadde vakt i pausane ute og hjalp til ved etestund. NOTABENE STORD/ 2011-2013
BUTIKKMEDARBEIDAR, DELTID Hjalp kundar, stod i kasse, hadde låseansvar og ekstravakter når det var behov. |
UtdanningUNIVERSITETET I BERGEN/ 2016-2018
BACHELOR I HISTORIE Bacheloroppgåve i kvinne- og kjønnshistorie med tema: seksuell trakassering i norsk arbeidsliv. KUVI104 Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til Facebook, KVIK102 Likestilling og mangfald, RET208 Praktisk argumentasjon, HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder. Manglar 5 poeng for ein fullført bachelor-grad. Planen er å ta desse våren 2019. UNIVERSITETET I BERGEN/ 2015-2016
PEDAGOGIKK Byrja på det fem-årige lektorløpet, men fann ut at det ikkje var noko for meg. Jobba og tok studiepoeng i pedagogikk. UNIVERSITETET I BERGEN/ 2013-2014
ÅRSSTUDIUM I HISTORIE Oversyn i nyare og eldre i historie i tillegg til fordjupning i "1.verdenskrig" og "Året 1814". STORD VIDAREGÅANDE SKULE/ 2009-2012
MUSIKK, DANS OG DRAMA Piano som hovudinstrument, sang som biinstrument. Fekk mykje god erfaring med framføring og det å stå på ein scene. Anna informasjonSERTIFIKAT / 2013
KLASSE B STYREMEDLEM / 2015-2017
AD FONTES STUDENTPUB Styremedlem og PR-ansvarleg i studentpuben Ad fontes. Fekk opp følgartala på Facebook og Instagram. Laga heimeside til puben og laga ein mal for den grafiske utforminga til sosiale medium og plakatar. STYREMEDLEM / 2015-2017
SANKTA SUNNIVA KAMMERKOR Hovudansvar for PR og oppmøte. I tillegg planlagde me turar, budsjett, sendte søknadar m.m. Eg haldt kontroll over sosiale medium, og laga plakatar og anna grafikk. VARAMEDLEM / 2011-2012
STORD MÅLLAG VERDSREIDE / 2013
FRIÅR MED VERDSREISE ETTER VGS Sør-Afrika, Botswana, Zambia, Brasil, Argentina, Peru og USA. SPRÅK /
NORSK: Svært godt - bokmål og nynorsk ENGELS: Flytande skriftleg og munnleg SPANSK: Noko brukskunnskap skriftleg og munnleg |